Oktober 2026
tirsdag 6. oktober
- 12:00 – 14:00
-
Workshop om sikring av munnleg kulturarvØvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo, Norge - 3. etgmailto:bjorn.enes@memoar.no
Kva hastar mest -og korleis gjer vi det saman?
I kvart kulturvernfelt finst det kunnskap som berre lever i menneskje: Handverkaren som har teknikken i hendene, veteranen som hugsar arbeidslivet frå innsida, den siste som kan tradisjonen, ho som var med då laget blei stifta. Når dei blir borte, blir forteljingane borte.
For folk flest har slutta å skrive brev og dagbøker, og det digitale kvardagsmaterialet som har erstatta dei, står i fare for å gå tapt. Det som før blei liggjande på loftet, blir sletta når PCar og telefonar blir skifta ut, abonnement og profilar på sosiale medium blir avvikla og programvare blir endra. På same tid er det no tretti år sidan sist landsomfattande minneinnsamling:
Eit tomrom er under utvikling i framtidas kjeldesamlingar for kulturvern.
Det er denne bekymringa som ligg bak invitasjonen. Vi har tru på ei ny, stor folkeleg minneinnsamling, og eit senter som kan sikre volum, kvalitet og etikk.
– Ei landsomfattande innsamling kan ingen gjennomføre åleine. Ho må byggast som ein dugnad der kvar organisasjon samlar på sitt felt. Samtidig trur vi at alle vil ha nytte av å dele kompetanse, erfaringar, metodikk, verktøy, infrastruktur, finansieringsstrategi og synlegggjering. Senteret for munnleg historie er apparatet som kan bere dette over tid: ein motor for innsamling og ein ressurs for alle som treng å dokumentere munnlege uttrykk og tradisjonar i den levande kulturarven. Dei som er med no, er med og formar begge delar.
Program for workshopen:
1. Felt for felt: Kva hastar mest?
– Mål: Fyrsteutkast til “rødliste” – intervjuseriar som må prioriterast
2. Kva verktøy og støtte treng organisasjonane for å samle sjølve?
– Mål: Fyrsteutkast til kravspek for eit senter for munnleg historie
3. Korleis organiserer vi eit forprosjekt for innsamling og senter?
– Mål: Etabglering av arbeidsgruppe.
Velkomen!
Fysisk: Kulturvernets Hus, Øvre Slottsgt. 2, Oslo – 3. etg.
Digitalt: https://meet.google.com/icw-ovcy-xbm
Arr: Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie
Bli med via Google Meet: https://meet.google.com/icw-ovcy-xbm
Eller ring: (NO) +47 21 40 06 16 PIN-kode: 819130709#
Flere telefonnumre: https://tel.meet/icw-ovcy-xbm?pin=3131032800180&hs=7Finn ut mer om Meet på: https://support.google.com/a/users/answer/9282720
